Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Til dokument

Sammendrag

Innan vintergrøne lauvtre er kristtorn den klart største klyppegrøntkulturen. Mykje kristtorn vert i dag tatt ut frå villbestand, særleg i Rogaland. Kristtornproduksjonen i dette fylket har ein årleg førstehandsverdi på om lag 1,2 mill. Stort bladfall er vanlig i villbestand av kristtorn, men førekjem også i klyppegrøntfelt. Ofte vil ein sjå at berre siste års bladverk heng på buskane/trea. Bladfall (og til dels dryssing av bær) i perioden frå hausting til sal er også eit stort problem. Insektet kristtornminerfluge kan gjera stor skade på bladverket, men denne artikkelen presenterar også ei rad ulike soppar som er registrerte på skadd kristtorn her i landet.

Sammendrag

I august 2006 vart det for første gong gjort funn av mjøldogg (Erysiphe syringae syn. Microsphaera syringae ) på vanleg syrin (Syringa vulgaris) ved fleire lokalitetar i Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark.

Sammendrag

Vortemjølkrust, Melampsora euphorbiae, var hausten 2006 for første gong funnen i norsk julstjerneproduksjon. Soppen gir nekrotiske flekkar på oversida a v blada og typiske gul-oransje rustflekkar på undersida. Vi har sett skade på opp til 13 blad på enkeltplanter, og også braktéane får angrep. Skadeomfanget er stort i enkelte gartneri. I julestjerne er sjukdomen frå før berre rapportert frå India, Tanzania og Mauritius. Soppen er difor ikkje tidlegare registrert i julestjerner verken i Europa eller Amerika

Sammendrag

Dette er fyrste artikkelen i ein serie på tre artiklar om soppsjukdomar på gran. Artikkelen tek for seg rotkjuke og honningsopp på gran og eggsporesoppen Phytophthora på edelgran.

Sammendrag

Dette er den tredje og siste artikkelen i ein serie artiklar om soppsjukdomar på gran i SKOGeieren. Fokus i denne artikkelen er på soppsjukdomar som fyrst og fremst gjer skade på litt eldre grantre.

Sammendrag

I slutten av august 2006 vart det funne omfattande skade på blad av hestekastanje (Aesculus hippocastanum) ved fleire lokalitetar på Austlandet. Skadane skuldast bladflekksoppen Guignardia aesculi og mjøldoggsoppen Erysiphe flexuosa.

Sammendrag

På ettersommaren 2006, vart det funne to nye soppsjukdomar i norske grøntanlegg. Den eine sjukdomen var mjøldogg (Microsphaera syringae syn. Erysiphe syringae) på syrin ved fleire lokalitetar i Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark. Den andre var Guignardia aesculi  ("leaf blotch" på engelsk) på blad av hestekastanje i Horten, Tønsberg og Sandefjord. Byrjande angrep vart også registrert i planteskulen ved UMB på Ås.