Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2022

Sammendrag

Arbeidet med å utarbeide eit forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Bødalen og ved Bødalssetra, Jostedalsbreen Nasjonalpark er gjennomført på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele m.fl. 2017) og ein Spesiell Del for Bødalen utarbeidd i 2022. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan er, ulike kulturavhengige naturtypar, omsyn til kulturminne og aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak i slike heilskaplege kulturlandskap. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane i Bødalen og ved Bødalsetra meir spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane og definert bevaringsmål. Skjøtselsbehovet i dei ulike naturtypane er skildra meir i detalj og det er gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre

Sammendrag

Forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Sunndalen og ved Sunndalssetra i Jostedalsbreen Nasjonalpark er utarbeidd på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre i 2021-2022. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele mfl. 2017) og ein Spesiell Del for Sunndalen. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan er og kva den inneheld. Det er skildra kulturavhengige naturtypar som er vanlege i fjellet, og kva slag omsyn ein må ta i høve til kulturminne når restaurerings- og skjøtselstiltak skal setjast i gang. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane i Sunndalen og ved Sunndalssetra meir spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane og definert bevaringsmål, skildra skjøtselsbehov og gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Det er også skildra tiltak langs buføringsvegen som skal gjere den tryggare å ferdast etter, og som skal sikre utsikta. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre.

Sammendrag

Forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Erdalen, Jostedalsbreen Nasjonalpark er utarbeidd på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele mfl. 2017) og ein Spesiell Del for områda ved Erdalssetra og Vetledalssetra, utarbeidd i 2022. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan inneheld, døme på ulike kulturavhengige naturtypar, omsyn ein må ta i høve til kulturminne og aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak som tek vare på heilskapen i landskapet. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane omkring Erdalssetra og Vetledalssetra spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane i skjøtselsplanområdet og definert bevaringsmål, skildra skjøtsels-tiltak og gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre.