Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2024

Sammendrag

De ville pollinatorene våre er truet blant annet fordi matfatet deres forsvinner. Matfatet til pollinatorene består av et mangfold av planter som gir dem tilgang på blomster fra tidlig vår til sein høst. Her følger en oversikt over noen av de ville pollinatorene sine favoritter blant plantene i kulturlandskapet.

Sammendrag

Meir nedbør og færre dagar med opphaldsvêr i vekstsesongen gjer det vanskeleg å hauste enga til rett tid utan pakkingsskader på jorda. I prosjektet GrassRobotics undersøkte vi korleis hausting med lettvektsrobot påverka avling, kvalitet, haustevindauge, jordpakking og rot:skot-forhold samanlikna med traktor og rundballepresse. Dette vart testa i feltforsøk på NIBIO Fureneset i åra 2018 til 2021. Tre nivå av pakking/hausteregime (Utan pakking, Robot, Standard) var lagt ut på storruter i eit faktorielt forsøk med split-plot design med tre gjentak, og to typar engfrøblandingar (Vestland, Bladgras) var testa på småruter innanfor storrutene. Behandlinga på storrutene var ei blanding mellom pakking og hausteregime der Standard hadde tre slåttar og tre overkøyringar med traktor og rundballepresse etter slåttane per år, og Robot hadde fem slåttar og fem overkøyringar med robot per år. Robot med fem slåttar gav lågare tørrstoff- og fôreiningsavling enn Standard med tre slåttar. Grovfôret i Robot hadde høgre energiverdi enn i Standard. Det var ingen effekt av frøblanding på avling og kvalitet. Engavlinga heldt seg stabilt høg i alle tre engåra både i Robot og Standard. Den femte slåtten i Robot, med veksetid frå slutten av august til slutten av september, gav svært lita avling og vil ikkje vere realistisk å utføre i praksis. Grasveksten avtek i september truleg på grunn av låg solinnstråling. Med standard hausteutstyr ville ein i to av dei tre engåra fått problem med å hauste på tørr nok jord utan fare for jordpakking. Alle åra var jorda for våt frå starten av september og utover, og hausting med tradisjonelt hausteutstyr bør skje før dette. Ein lett robot kan brukast kort tid etter nedbør, men for å unngå regn under hausting må kapasiteten tilpassast at ein mange år har få dagar utan nedbør i vekstsesongen. Motstanden i jord frå 5 cm jorddjupne og nedover var lågare etter bruk av robot enn etter bruk av standard hausteutstyr, noko som tyder på at robothausting reduserer jordpakkinga. Vi fann ikkje skilnad i jordtettleik, luftkapasitet eller luftpermeabilitet mellom Robot og Standard. Det var ikkje skilnad i nitrogenavling mellom dei to haustesystema.

Sammendrag

Som drøvtyggar har sauen evne til å omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er eteleg for menneske, til høgverdig protein, i kjøtt og biprodukt, med essensielle aminosyrer. I norsk sauehald er det meste av fôrgrunnlaget grovfôr, og beite står for om lag 60 % av fôrinntaket. Men det blir også brukt ein del kraftfôr og mjølkeerstatningar med humant etelege ingrediensar. I denne studien undersøkte vi kor mykje eteleg protein vi får ut i høve til mengd eteleg protein gitt i fôringa. Effektiviteten er rekna som høvetalet (HePeff) med mengd eteleg protein i kjøtt, blod og innmat i høve til mengd eteleg protein brukt i fôringa. Dersom det blir produsert meir eteleg enn det som blir brukt i fôringa, er effektiviteten HePeff større enn 1. Det blei også estimert i kor stor grad aminosyrer brukt i fôringa blir oppgradert til essensielle aminosyrer for menneske. Dette uttrykt som differansen mellom fordøyelege essensielle aminosyrer i kjøtt, blod og innmat og mengd av dei same aminosyrene brukt i fôringa. Datagrunnlaget var tal frå sauebruk som var med i Driftsgranskingane i jordbruket i åra 2018-2020. Mengd innkjøpt kraftfôr og mjølkeerstatning blei estimert ut frå rekneskapstal. Ingrediensar i innkjøpt fôr blei estimert ut frå opplysningar gitt av fôrprodusentar. I kalkylane såg ein på kva det hadde å seie om raps og rapsprodukt i kraftfôret vart rekna som humant eteleg. Dersom ein rekna at både kjøtt, blod og innmat er eteleg, og rapsprodukt ikkje er humant eteleg, blei det i gjennomsnitt produsert om lag like mykje humant eteleg protein som brukt i fôringa, HePeff = 1. Dersom ein ikkje rekna proteinet i raps som humant eteleg, blei det for alle fordøyelege essensielle aminosyrer produsert meir enn brukt i fôringa i regionane ‘Austlandet andre bygder’ og ‘Trøndelag andre bygder’, medan det for andre deler av landet var om lag same mengd protein i kjøtt og biprodukt som det vart brukt i fôringa. Proteineffektiviteten var høgare i regionar med gode utmarksbeite, og Fjell- og dalbygder i Trøndelag og på Austlandet hadde høgare HePeff enn Agder og Rogaland. Mengd kraftfôr per vinterfôra sau og tal gangslam (levande lam på hausten) per vinterfôra sau hadde sterk effekt på HePeff, og det er fullt mogleg å betre effektiviteten med relativt små justeringar av mengd og type ingrediensar i kraftfôr

Sammendrag

Denne rapporten gir en oversikt over klimatiltak i planteproduksjoner som enten kan redusere utslipp av klimagasser eller øke karboninnholdet i jord. Den gir oversikt over tiltak som bla. drenering, gjødsling, kalking, husdyrgjødseltiltak, åkerbelgvekster, kløver i eng, presisjonsjordbruk, fangvekster, biokull. I prosjektet- finansiert fra Forskningmidler for jordbruk og matindustri- er det også utarbeidet en delrapport om klimatiltak i husdyrproduksjonen (Aass mfl., 2024) og en delrapport om sammenheng ellom klimatiltak, klimatilpasning, klimarisiko og matsikkerhet (Bardalen, 2024). De utgjør til sammen et oppdatert kunnskapsgrunnlag om klimatiltak i plante og husdyrproduksjoner. Se utvidet sammendrag i rapporten.

Sammendrag

10 solbærsorter ble plantet i et feltforsøk på NIBIO Apelsvoll i 2017, og vekst, avling, bladsykdommer, blomstring- og høstetidspunkt og innholdsstoff i bæra ble registrert i åra 2019-2022. Sortene ble i 2016 valgt ut som lovende enten til industriformål, eller til friskkonsum av ‘Sortsgruppe Ribes’ som består av representanter fra dyrking, planteproduksjon, rådgiving og forskning. Sortene/seleksjonen var: ‘Ben Tron’ (referansesort), ‘Ben Hope’, ‘Ben Tirran’, JHI 9163-5, ‘Augustus’, ‘Gjest’, ‘Joniniai’, ‘Almiai’, ‘Tihope’ og ‘Mortti’. Dato for blomstring og høstemodne bær, vinterskade, vokseform, bladsykdommer, plantevolum, avling, klase- og bærstørrelse, kartfall og bærkvalitet ble registrert årlig. Sortene ‘Ben Tron’, JHI 9163-5, ‘Augustus’ og ‘Mortti’ er valgt ut i samarbeid med NLR og dyrkere til å testes videre i storskalafelt for industriformål hos dyrkere. ‘Almiai’ blir testet videre i et dyrkingssystem (espalier) for friskkonsum-formål. Disse sortene har også et godt potensial for å dyrkes økologisk.