Med sin plassering 530 m.o.h. har NIBIO Løken lange tradisjonar som teststasjon i foredling av engvekstar, og som feltstasjon for dyrkingstekniske forsøk og beiteforsøk på inn- og utmark for fjell- og dalbygdene Sør-Noreg.
Løken er ein gammal gard med kulturhistorisk interesse, med i alt 26 bygningar. Gardstunet og dei 11 bygningane sentralt på tunet er freda kulturminne medan dei fleste av dei andre bygningane er verna. Fredinga og vernet gjeld også for dei bygningane som er i aktiv bruk i forskingsarbeidet. Vernet hemmar i liten grad forsøksarbeidet utanom dei ekstra kostnadene for vedlikehaldet av dei verna bygningane som ikkje er i bruk i forskinga.
Fag og fokus:
Grovfôrdyrking for dal- og fjellbygdene
Teststasjon for foredlingsmateriale for Graminor
Fôrkvalitetsanalysar, NIRS laboratorium
Kulturlandskap og biologisk mangfald – skjøtsel av utmark
Utmarksbeite for små- og storfe
Småfehald
Næringsutvikling med fokus på kvalitet på produkt frå fjellregionen
Tenester:
NIRS –lab for kvalitetsanalysar av tørka grasprøver
Værstasjon med kontinuerlege data frå 1918
Stasjonen har eit hus, fire leiligheiter og ein støl/hytte for utleige.
Løken er den eldste av forskingsstasjonane i NIBIO og kan feire 100 år i 2018. Stasjonen skal leggast ned som sjølvstendig stasjon frå 31.12. 2017, men forsøksverksemda skal fortsetje ut 2020, leia frå Apelsvoll.