Driftsgranskingane for 2015 samla mellom to permar

mg201105_DSC_2209.jpg

Fra Levanger, Nord-Trøndelag. Illustrasjonsfoto: Morten Günther.

Den årlege analysen av rekneskapsdata for norske gardsbruk viste at bonden fekk eit godt år i 2015. Store bruk hadde større vekst enn dei mindre.

Samla dokumentasjon for Driftsgranskingar i jord- og skogbruk 2015 ligg no føre i eigen publikasjon, og er gjort tilgjengeleg på nett og i papir, som bok. 

– Hovudlinjene er økonomisk framgang, og mest til dei største bruka, sa seniorrådgjevar Torbjørn Haukås da han i desember 2016 la fram resultata frå driftsgranskingane 2015.

– Spesielt for produsentane av korn og svinekjøt auka inntektene kraftig.



Skal vise utviklinga

Driftsgranskingar i jord- og skogbruk skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer for økonomien i landbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. 

Rekneskapane for dei vel 900 gardsbruka som deltok i 2015, viser at jordbruksinntektene gjennomsnittleg auka med 13 prosent frå 2014 til 2015. Dei største bruka fekk den største veksten, medan dei mindre har stått nesten i ro. 

Dette er nokre av funna som materialet i driftsgranskingane viser. For full oversikt viser vi til boka som no er klar.

 

Kor er datakjeldene? 

Driftsgranskingane er tufta på ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar 900-1000 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdeler, storleiksgrupper og driftsformer. 

Det vert utarbeidd eigne analysar for Austlandet, Vestlandet, Rogaland og Agder, Trøndelag og i Nord-Noreg. Desse kjem ut som NIBIO Rapport.

Analysane i driftsgranskingane gir grunnlag for mellom anna politikk, forvalting, økonomisk rådgivingsarbeid og materiale til intern og ekstern forsking og undervisning.

Driftsgranskingane dannar og basis for referansebruka, som er ein del av grunnlaget for jordbruksforhandlingane.

 

Regionale rapportar frå Nord-Noreg og Vestlandet

For dei nordnorske bruka som deltok, viste jordbruksinntektene ein gjennomsnittleg auke på 19 prosent i 2015. Det er stor variasjon mellom ulike driftsformer og storleikar på bruka, viser rapporten for Økonomien i jordbruket i Nord-Norge 2015.

Også på Vestlandet er det store variasjonar mellom driftsformene. Det var eit dårleg år for fruktbøndene i 2015, medan dei andre driftsformane, med unnatak av storfekjøtt, hadde ei positiv utvikling. Spesielt mjølkeprodusentane opplevde ein stor auke. Med ein auke på 1 prosent i inntekt frå 2014 til 2015, fekk gjennomsnittsbonden på Vestlandet ein tydeleg mindre auke enn landsgjennomsnittet på 13 prosent. 

Rapportar frå dei andre landsdelane blir lagt ut på nibio.no så snart dei er klare.

 

KONTAKTPERSON
Faktaboks

908 bruk var med i driftsgranskingane i jordbruket for rekneskapsåret 2015.

Av desse var 138 med i skogbruksdelen av driftsgranskingane.
28 samdrifter innan kumjølkproduksjon kjem i tillegg.  

Skogbruk og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk har eigne avsnitt i boka. Resultat frå økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon og inntektsverknad av jordbruksfrådrag er presenterte. Gardsbruka må ha produksjon av eit visst omfang for å vere med i driftsgranskingane. Berre bruk  med omsetning på minst kr 150 000 er med i undersøkinga. 

 

Slik kan du kjøpe boka

For å få tilsendt papirutgåva av Driftsgranskingar 2015:
Send bestilling til Anne-Bente.Ellevold@nibio.no

Boka kostar kr 330,-.

 

Dr granskingar 2015 bokforside.JPG

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.