Division of Environment and Natural Resources
Improving conditions for agricultural management of drained peatlands while reducing GHG emissions (PEATIMPROVE)
End: mar 2025
Start: apr 2021
PEATIMPROVE sitt hovudmål er å forstå korleis drenering og hydrologi påverkar forholda for jordbruksdrift, karbontap og utslepp av klimagassar, og å tilrå metodar som reduserer klimaavtrykket frå grovfôrproduksjon på myrjord.
Project participants
Peter Dörsch Synnøve Rivedal Geir-Harald Strand Miyuru Gunathilake Mounir Takriti Aina Lundon Russenes Torbjørn Haukås Sissel Hansen Dorothee Kolberg Ragnhild Renna Bjørn Gunnar Hansen Elling Mjaavatten Erling Fjelldal Lars Tveit Lyche
Status | Active |
Start - end date | 01.04.2021 - 31.03.2025 |
Project manager | Bjørn Kløve |
Division | Division of Environment and Natural Resources |
Department | Hydrology and Water Environment |
Total budget | 16 mill. NOK |
Funding source | Forskningsrådet (Research Council of Norway) |
Myrjord er ein viktig ressurs, særleg i grovfôrproduksjonen på Vestlandet og i Nord Norge. Ein del eigenskapar ved myrjord er positive for jordbruksdrift, slik som høgt innhald av plantetilgjengeleg vatn, men andre eigenskapar er utfordrande. Myrjord er vanskeleg å drenere, blir lett vassmetta, er utsett for jordpakking, overvintringsskader og låge avlingar, i tillegg til myrsynking og utslepp av klimagassar. Ved fornying av dreneringssystema på allereie dyrka myrjord trengst alternative metodar for å redusere klimagassutslepp og oppretthalde lokal fôrproduksjon i eit våtare klima.
PEATIMPROVE sitt hovudmål er å betre forholda for jordbruksdrift på myrjord på same tid som klimagassutsleppa blir reduserte. I prosjektet skal ein studere ulike dreneringsmetodar, og spesielt omgraving som ein lovande metode for å beskytte myrjord mot nedbryting og legge til rette for effektiv produksjon.
Hovudfeltforsøket blir i Fræna i Møre og Romsdal, men det er også planlagt feltaktivitet i Sortland (Nordland), Pasvik (Finnmark) og Våler (Innlandet) for å fange opp variasjon i klima, hydrologi og planteproduksjon. Hydrologiske målingar, klimagassmålingar, avlingsregistrering og kalkulering av lønnsemd og verdiskaping inngår.
PEATIMPROVE vil oppdatere statistikk over myrjord i jordbruksdrift og estimere storleiken på myrjordsareal som er eigna for omgraving. Modellar for dette vil bli utvikla og testa i utvalgte kommunar.
Resultata frå klassifiseringsmodellar og kartlegging i felt skal kombinerast med klimagassmålingar frå feltforsøk. Med ein slik kombinasjon av data kan ein anslå samla effekt av omgraving på nasjonalt nivå, samanlikna med bruk av andre dreneringsmetodar.
Formidling av resultat til næring og forvalting er ein viktig del av prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid mellom NIBIO (prosjektleiar), NMBU, NORSØK, NLR og TINE SA (NO), Universitetet i Oulu, Luke (FI) og National University of Ireland (IE). PEATIMPROVE har brei økonomisk medfinansiering frå fylkeskommunar og ulike næringsaktørar.
CONSORTIUM
Centre host:
Norwegian Institute of Bioeconomy Research (NIBIO)
Norwegian research partners:
Norwegian University of Life Sciences (NMBU)
Norsk senter for økologisk landbruk(NORSØK)
International research partners:
University of Oulu (Finland)
Natural Resources Institute Finland (LUKE)
National University of Ireland, Galway
Norwegian partners:
Troms og Finnmark fylkeskommune
Felleskjøpet Rogaland og Agder
Norsk Landbruksrådgiving Nord Norge
Landbruksråd Rogaland