Hopp til hovedinnholdet

Oppdatert kunnskap om arealressursane

arealbarometer østfold1

Utsnitt av Arealbarometeret frå Østfold og illustrasjonsfoto frå Grindholmen, Råde. Foto: Morten Günther.

I desse dagar blir det lagt fram Arealbarometer frå NIBIO som viser status for jord- og skogbruksareal i kvart fylke.

Arealbarometeret gir oversikt over landbruksressursane, kva areala er eigna for og kva dei blir brukte til. Kornproduksjon dominerer i nokre fylke, medan mjølkeproduksjon og grovfôr er størst andre stader. Også endringar i arealbruken kjem fram.

Nytt av året er at nedbygd jordbruksareal blir dokumentert. Å vise tal for matjord som har fått endra bruk, gir eit bilete av korleis utvikling og utbygging skjer, og korleis jordbruksareala blir påverka.

 

Nyttig verktøy

Ressursoversiktene som Arealbarometera byggjer på, fortel om potensialet til jorda og skogen, og gir informasjon om verdigrunnlaget i ressursane. Dei blir mykje nytta av næring og forvaltning, og i politikkutforming.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale seier dette om samfunnsnytten av Arealbarometera: 

- For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO.  

Kunnskapen vil og vere nyttig knytt til endringar som kjem gjennom kommune- og regionreformene, meiner Dale. - Her vil det bli auka behov for å dele informasjon om regionale og lokale ressursgrunnlag, seier han. 

- Den oversikta vi får gjennom ressurskartlegginga til NIBIO er viktig for langsiktig ressursutnytting og verdiskaping, både nasjonalt og lokalt, legg Dale til. 

Det er Landbruks- og matdepartementet som har tildelt NIBIO oppgåva med å kartleggje landbruksressursane i Noreg, og formidle kunnskapen. Arealbarometera er viktige verktøy i formidlinga. 

 

- Kart er ferskvare

Avdelingsleiar for Landbrukskart, Jostein Frydenlund, har ansvaret for utvikling, oppdatering og formidling av Arealbarometera. 

- Kart er ferskvare. Derfor er det viktig at dei blir jamleg oppdatert etter kvart som endringar skjer, seier Frydenlund. Det er avgjerande at karta gir eit så korrekt bilete av tilstanden som mogleg.

- I Arealbarometera har vi sett saman all informasjon vi har. Vi hauster data frå vår nasjonale ressurskartlegging, og set det heile saman til oversikter som er eigna til enkel formidling, seier Frydenlund. 

Han fortel om aukande utfordringer for matproduksjon som følgje av folkevekst, energibruk og klimaendringar. Informasjonsbehovet vil auke i takt med endringane framover, meiner han.

- Planleggarar, beslutningstakarar og politikarar treng alle kunnskap om kvalitetane til areala og verdi for samfunnet, held han fram. 

Data som blir presenterte gjennom Arealbarometera blir brukt i konsekvensutgreiingar, arealplanlegging og i søknadar om ulike tilskot innan landbruket. 

Eit høgare kunnskapsnivå om ressursane kan og bidra til å finne alternative utbyggingsområde i planleggings- og omdisponeringssaker.

 

Finst på nett

Dei oppdaterte fylkesvise Arealbarometera blir tilgjengelege på www.nibio.no etterkvart som dei er klare. Det er og utarbeidd kommunevise Arealbarometer for deler av landet. Dei er og lagt ut på www.nibio.no. 

På heimesida finst og dei digitale kartkjeldene Kilden og Gårdskart på internett. Den første viser lag på lag med forskjellig informasjon om kvalitetane og eigenskapane til arealressursane. Den andre viser jord- og skogressursane ned til enkeltbruksnivå – kategorisert i arealtypar og ulike typar jordbruksareal.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.